Kva er informasjonskapslar?
Informasjonskapsar blir for eksempel brukt til å lagre innloggingsdetaljar, registrere kor brukaren beveger seg rundt på nettstaden eller hugse handlekorg i nettbutikkar. Den som står bak informasjonskapselen, kan tilpasse tenestene sine ut frå informasjonen som lagrast.
Slik brukar vi informasjonskapslar i Sikt
Sikt brukar informasjonskapslar (cookies) på feide.no og Feides innloggingsteneste idp.feide.no.
Ved å gå inn og hente informasjon eller nytte tenester på nettsidene våre, samtykkjer du til at det setjast informasjonskapslar i nettlesaren din, sidan dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer cookies.
Viss du ikkje vil akseptere bruken vår av cookies, kan du gå inn og trekke tilbake samtykket ditt ved å endre innstillingane i nettlesaren. Ver merksam på at det kan føre til at tenestene på nettsidene våre ikkje fungerer optimalt.
Under finn du meir informasjon om korleis informasjonskapslar blir brukt på feide.no og innloggingstenesta idp.feide.no.
Bruk av informasjonskapslar på nettstaden feide.no
Sikt brukar analyseverktøya Matomo og Siteimprove for å analysere bruken av nettsida vår. Føremålet er å forbetre og vidareutvikle feide.no slik at brukarane våre finn og forstår den informasjonen dei leitar etter. Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f).
Den gjev oss lov til å behandle tilstrekkeleg med opplysningar som er nødvendige for å ivareta dei rettkomne interessene, og tilby god informasjon til kundane og samarbeidspartnarane våre.
Konfigurasjonen vår av Matomo og Siteimprove set ikkje cookies i nettlesaren din, og samlar ikkje informasjon om IP-adresser eller andre persondata. Informasjonen som blir samla inn via Matomo, blir lagra lokalt på eigne serverar i Noreg (on-premise).
Tilpassar funksjonalitet til nettlesaren din
Det blir registrert om du har Javascript aktivert i nettlesaren din, og funksjonaliteten på nettsida tilpassast til dette.
Denne informasjonskapselen blir brukt til dette: has_js
Sjekkar om du er innlogga på feide.no
Enkelte brukarar kan logge inn på feide.no og redigere på sida. Det blir registrert om du er logga inn eller ikkje, slik at du skal sleppe å logge inn fleire gonger.
Denne informasjonskapselen blir brukt til dette: SESS*
Bruk av informasjonskapslar i innloggingstenesta idp.feide.no
Innloggingstenesta Feide er avhengig av informasjonskapslar for å fungere og du vil ikkje kunne logge inn om du ikkje aksepterer at desse blir lagra i nettlesaren din.
Er du ein innlogga Feide-brukar?
Det blir lagra informasjon om at du er logga inn, og tidspunkt for innlogginga. Vi lagrar tidspunktet fordi ei Feide-innlogging skal vere gyldig i åtte timar. I denne perioden skal du sleppe å logge inn på nytt. Informasjonen blir normalt sletta når du lukkar nettlesaren eller etter maksimalt åtte timar.
Desse informasjonskapsane blir brukt til dette: SimpleSAMLSessionID og SimpleSAMLAuthToken
Kva organisasjon kjem du frå?
Det blir lagra informasjon om kva organisasjon du har vald å høyre til slik at du ikkje treng å velje organisasjon kvar gong du loggar deg på.
Denne informasjonskapselen blir brukt til dette: org_feide
Kva språk har du valt?
Det blir lagra informasjon om kva språk du har valt å vise innloggingssida på slik at same språk blir vist neste gong du loggar deg på.
Denne informasjonskapselen blir brukt til dette: language