Ekspertråd for digitalisering i grunnopplæringa

Ekspertrådet for digitalisering i grunnopplæringa(DIG ekspertråd) er eit faglig forum for avklaring av utfordringar knytt til bruk, forvaltning, vidareutvikling og nyutvikling av digitalisering av grunnopplæringa. Ekspertrådet er eit rådgivande organ for Utdanningsdirektoratet.

Dette gjer rådet

Ekspertrådet skal blant anna

  • motta og behandle innmeldte behov til Feide-tenesta før vidare prioritering og behandling hos digiOppvekst
  • drøfte brukstekniske spørsmål knytt til bruk av Feide og tilknytta system og tenester
  • kunne gi innspill til digiOppvekst knytt til forbetringstiltak eller vidareutvikling av Feide
  • gi avklaringar på innmeldte ønsker, behov og idear frå digiOppvekst
  • vere ein høyringsinstans for forhold som handlar om bruk av Feide i grunnopplæringa
  • bidra til utprøving og pilotering av funksjonalitet om mogleg

Slik er ekspertrådet organisert

Ekspertrådet består av eit utval av representantar frå vertsorganisasjonar i Feide, ein representant frå digiOppvekst-utvalet og to representantar fra Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet har ansvar for sekretariatsfunksjon og møteleiing.

Medlemmane i ekspertrådet dekker ulike typar av vertsorganisasjonar frå grunnopplæringa. Medlemmane har operativt ansvar eller erfaring i korleis Feide brukast. I tillegg har dei kompetanse og erfaring knytt til problemstillingane som dukkar opp i samband med digitalisering i grunnopplæringa, som for eksempel bruk og nyskaffing av digitale læremiddel, personvern, universell utforming og systemintegrasjonar.

KS har ein observatørrolle og deltek ut frå kapasitet. Sikt, KS og Utdanningsdirektoratet kan stille med fleire observatørar.

Oppnemning av representantar i ekspertrådet skjer for tre år om gongen, med moglegheit forlenging. Representantar blir oppnemnt av Utdanningsdirektoratet. Ekspertrådet har forslagsrett på nye representantar.

I løpet av året skal ekspertrådet ha fire møter, der eitt av dei er fysisk. Ekspertrådet var tidlegare Feide ekspertråd. Ekspertråd for digitalisering i grunnopplæringa har eit større verkeområde enn det Feide ekspertråd hadde.

Deltakarane i ekspertrådet

  • Inge Strømmen, Bergen kommune
  • Marit Mathiassen, Bømlo kommune
  • Sigmund Brenna, Fredrikstad kommune
  • John Arild Horve, IKT-Agder
  • Viggo Fedreheim, Narvik kommune
  • Olav Åse, Norges Toppidrettsgymnas
  • Brian Jørgensen, Oslo kommune
  • Jon Skriubakken, Telemark fylkeskommune
  • Leif Cato Larsen, Trondheim kommune
  • Lene Karin Wiberg, KS
  • Amund Junge, Time kommune
  • Alexander Joyce, Vestfold fylkeskommune
  • Sigrid Lian, Sikt
  • Snorre Løvås, Sikt
  • Hildegunn Vada, Sikt
  • Ivar Skamsdalen Larsen, Utdanningsdirektoratet, Avdeling for digitale fellesløysingar
  • Kjartan Müller, Utdanningsdirektoratet, Avdeling for digitale fellesløysingar i grunnopplæringa
  • Rune Nordang, Utdanningsdirektoratet, Avdeling for digitale fellesløysingar i grunnopplæringa