Feide-innlogginga skal bli enklare for barn og unge

Vanskeleg for barn og unge å logge inn

Å logge inn med Feide kan være vanskeleg for barn og unge. Elevane loggar seg inn med Feide allereie frå 1. klasse, da er dei 5–6 år. Mange av elevane kan ikkje lese eller skrive på det tidspunktet. Det gjer det vanskeleg for dei å både hugse og å skrive brukarnamnet og passordet sitt som dei treng for å logge seg inn på dei digitale tenestene. Det gjer at lærarane ofte brukar ein del tid på å hjelpe elevane med å logge seg inn.

Mange elevar får også enkle passord, passord etter ein mal som gjeld for heile klassen eller at lista med brukarnamn og passord heng ein stad i klasserommet. Det gjer at det blir dårleg passordsikkerheit.

Vi jobbar no med å gjere det enklare for barn og unge å logge seg inn med Feide.

Ønsker innspel frå dykk

Vi ønsker å ta ein prat med kommunar for å høyre meir om situasjonen og behova de har rundt innlogging. Har de tankar eller innspel om dette, ta kontakt med oss på kontakt@sikt.no for å avtale ein prat.

Dette er eksempel på spørsmål vi vil snakke med dykk om:

  • Kva erfaring har elevane med å logge inn med Feide slik det er i dag?
  • Kor sikker må innlogging til dei aller yngste vere?
  • Korleis vil det fungere praktisk i klasserommet om elevar får ein QR-kode dei skal bruke for å logge seg inn med i staden for brukarnamn og passord?
  • Har elevane ved småskuletrinnet i kommunen din ei eiga datamaskin, nettbrett eller liknande som dei brukar? Eller deler dei denne med andre elevar?

Dette gjer vi for å gjere innloggina enklare

Vi er heilt i starten av arbeidet med enklare innlogging for barn og unge. No jobbar vi med eit innsiktsarbeid og prøvar ut passnøklar. 

Sjå vegkartet til Feide for å sjå kor langt vi har kome med dette arbeidet.

Gjer innsiktsarbeid

For å finne ut korleis vi skal lage ei enklare innlogging for barn og unge, har vi satt i gang eit innsiktsarbeid.

Dette gjer vi i innsiktsarbeidet

  • Drar på skulebesøk for å sjå korleis barn og unge bruker Feide-pålogging i klasserommet.
  • Hentar innspel frå ulike kommunar og tenesteleverandørar og høyrer om erfaringane deira med innlogging.
  • Går gjennom relevant forskingslitteratur.
  • Har hatt workshop på Feide-konferansen 2024 for å
    • få høyre om erfaringane deltakarane har rundt innlogging for barn og unge
    • få innspel til innloggingsalternativ
    • identifisere moglegheiter og utfordringar med dagens Feide-innlogging
  • Ser kva innloggingsløysingar andre brukar.

Dette har vi funne ut så langt

Nokre av dei foreløpige funna vi har fr å innsiktsarbeidet, er at

  • det er mykje bruk av autofyllylling av passord med passord lagra i nettlesaren
  • dei yngste elevane stort sett ikkje har noko forhold til brukarnamn og passord
  • “raskaste veg til mål” gjeld. Elevane er lite bevisste på kva dei eigentleg trykker på
  • bruk av QR-kodar eller symbol er dei vanlegaste alternativa til passord for mindre barn
Prøver ut passnøklar

Vi ser at det har kome fleire innloggingsalternativ som er meir brukarvenlege. Eit av dei alternativa vi testar, er passnøklar (passkey). Passnøklar er ei passordlaus innlogging, noko som kan gjere innlogginga enklare og sikrare.