Samarbeidsprosjektet MinID for ungdom gjer det mogleg å skrive ut MinID til elevar i skulen ved hjelp av Feide. Elevane treng MinID for å søke vidaregåande skule. I dag er det vanskeleg og tungvint for både elevane og skulane å få MinID. Prosjektet gjer denne prosessen enklare.
Korleis vil Feide bli brukt?
Digitaliseringsdirektoratet skal lage ein Feide-teneste som skulane sjølv kan bruke til å skrive ut MinID til elevane. Feide-tenesta vil bruke Feide-data til å autorisere dei tilsette i skulen som så skal skrive ut ID-ane til elevane.
Tenesta skal bruke Feide til å finne og stadfeste desse relasjonane:
- skule til klasse
- klasse til tilsett
- klasse til elev
MinID vil bruke brukarinformasjonen (attributt) via Feide.
Desse Feide-API-ane vil bli brukte til autorisasjon og til å skrive ut MinID:
- Utvida gruppe-API: Slå opp lister over klasser (grupper) og tilsette ved ein skule, og lage klasse til tilsett- og klasse til elev-relasjonar.
- Feide-API: Kople realm (domain) med organisasjon. API-et skal koplast mot Utdanningsdirektoratet sitt Nasjonalt skoleregister-API for å kople skuleeigar og skule.
- API for henting av brukarinformasjon for enkeltbrukarar (user information for specific users): Gi ut fødselsnummer (personidentifikator) til tilsette og elevar.
Kva har vi laga?
Vi har laga API-et for henting av brukarinformasjon for enkeltbrukarar (user information for specific users), som no er klar til bruk.
- Vidareutvikling av user information for specific users-API-et
-
Vidareutviklinga gjer det mogleg å gjere oppslag mot user information for specific users -API-et utanfor innlogging. Du kan berre gjere oppslag mot enkeltpersonar (ikkje bulk-uttrekk). API-et vil seinare erstatte checkuser-API-et og orgpersons-API-et.
- Testmiljø for utvida gruppe-API og user information for specific users-API
-
Vi har laga testmiljø slik at det skal vere mogleg å teste utvida gruppe-API og user information for specific users-API utanfor innlogging. I dette miljøet lagar vi
- nye testbrukarar som er kopla til personar i syntetisk folkeregister (data.norge.no). Sjå meir om testbrukarane (docs.feide.no).
- organisasjon- og klassestrukturar som viser strukturar i grunnutdanninga som klasse, trinn og tilsette i skulen
Kven samarbeider vi med i prosjektet?
I prosjektet samarbeider vi med
- Digitaliseringsdirektoratet
- Utdanningsdirektoratet
KS deltek i styringsgruppa for prosjektet.
Samarbeidsprosjektet for ein betre MinID for unge, inngår i prosjektporteføljen til DigiUng.