I kundeportalen til Feide kan ulike personar få ulike typar roller. Rollene gir personane ulike tilgangar og moglegheiter. Ein Feide-administrator har for eksempel ei overordna rolle og kan redigere i kundeportalen.
Det er Feide-administratoren som gir roller til andre.
Dette er rollene personar kan ha i kundeportalen:
- Feide-administrator
- innsyn
- teneste-administrator
- datakjelde-administrator
- katalogredaktør
Feide-administratorane gir roller til andre
Det er Feide-administratorane som gir roller til andre personar i organisasjonen. Ved å gi roller kan Feide-administratoren bestemme kva ulike personar kan sjå eller gjere. Slik gir du som Feide-administrator roller til andre.
Kva kan dei ulike rollene gjere?
Nedanfor ser du kva ulike rollene i kundeportalen gir tilgang til og kva dei gir moglegheit til å gjere.
Roller som kan sjå eller redigere alt for organisasjonen
- Feide-administrator – har eit overordna ansvar for å administrere Feide i organisasjonen sin
-
Ein Feide-administrator har ei overordna rolle, og kan redigere og gjere endringar på vegner av organisasjonen sin.
Kva kan ein Feide-administrator gjere?
Feide-administratorar kan for eksempel
- gi og fjerne roller til andre brukarar av kundeportalen
- aktivere og deaktivere tenester
- halde tenester oppdaterte
- halde oversikt over kva brukarinformasjon organisasjonen deler med tenester
- løse feil og avvik i brukarkatalogen
- gi brukarstøtte om Feide-brukarar har proble med å logge inn
- sjå statistikk for tenester, for eksempel kva tenester som blir brukte og ikkje
- Innsyn – for dei som skal vurdere tenester eller ha lesetilgang i kundeportalen
-
Ein person som har rolla innsyn, kan sjå alt i kundeportalen på vegner av organisasjonen sin. Hen kan ikkje gjere endringar i kundeportalen.
Denne rolla kan for eksempel vere aktuell for skuleeigarar, skuleleiarar, personar som jobbar med support eller skal vurdere digitale løysingar opp mot krav til informasjonstryggleik, personvern og universell utforming.
Kva kan ein person med innsyn-rolla gjere?
Ein person med innsyn-rolla kan for eksempel
- sjå alt om organisasjonen sin i kundeportalen
- finne informasjon om tenester
- sjå statistikk for tenester, for eksempel kva tenester som blir brukte eller ikkje
- gjere enkle supportoppgåver, som å søkje opp sporingsnummer om Feide-brukarar som har problem med å logge inn
Sjå kva ein kan bruke kundeportalen til og kva han inneheld.
Kva kan ikkje ein person med innsyn-rolla gjere?
Personar med denne rolla kan ikkje gjere endringar på vegner av organisasjonen sin, slik som å gi ut roller til andre eller aktivere tenester. Innsyn-rolla gir berre lesetilgang.
Roller som berre gir tilgang til enkelte tenester eller datakjelder
- Teneste-administrator
-
Ein teneste-administrator har ei rolle knytt til ein enkelt teneste.
Kva kan ein teneste-administrator gjere?
Ein teneste-administratoren kan
- administrere den tenesten hen har fått tilgang til
- redigere tenesten
- be om å få tilgang til tilgjengelege datakjelder
Ein person kan vere teneste-administrator for fleire tenester samtidig. Ein teneste kan ha fleire teneste-administratorar. Husk at den enkelte tenesta må vere oppretta hos organisasjonen før ein person kan få rolla som teneste-administrator.
Kva kan ikkje ein teneste-administrator gjere?
Ein teneste-administrator kan ikkje
- opprette eller aktivere andre tenester
- legge til nye brukarar for organisasjonen
Det er berre personar som har rolla som Feide-administrator i organisasjonen som kan gjere dette.
- Datakjelde-administrator
-
Ein datakjelde-administrator har ei rolle knytt til ein enkelt datakjelde.
Kva kan ein datakjelde-administrator gjere?
Ein datakjelde-administrator kan
- administrere den datakjelda hen har fått tilgang til
- redigere datakjelda
- administrere tilgangane til datakjelda
Ein person kan vere datakjelde-administrator for fleire datakjelder samtidig. Ein datakjelde kan ha fleire datakjelde-administratorar. Husk at den enkelte datakjelda må vere oppretta hos organisasjonen før ein person kan få rolla som datakjelde-administrator.
Kva kan ikkje ein datakjelde-administrator gjere?
Ein datakjelde-administrator kan ikkje
- opprette andre datakjelder
- legge til nye brukarar for organisasjonen
- sjå informasjon om tenester i kundeportalen
Det er berre personar som har rolla som Feide-administrator i organisasjonen som kan gjere dette.
Andre roller
- Katalogredaktør – kan redigere læremiddel i Læremiddelkatalogen
-
Katalogredaktør er ei rolle som gir personen tilgang til å redigere læremiddel i Læremiddelkatalogen (laeremiddelkatalogen.sikt.no) på vegner av organisasjonen sin.
Rolla må bli gitt av en Feide-administrator i kundeportalen til Feide.
Kva kan ein katalogredaktør gjere?
Ein katalogredaktør får tilgang til leverandørflata til Læremiddelkatalogen. Det gir katalogredaktøren moglegheit til å legge inn tenestene til sin vertsorganisasjon i Læremiddelkatalogen.
Kva kan ikkje ein katalogredaktør gjere?
Katalogredaktørar har ikkje tilgang i Feide kundeportal.